Anne Mette Prestegård
Utstilling - Installasjon Mayday Mayday
DESIGNSALONG
Taskekrabbe (Cancer pagurus) frå serien Mayday Mayday (Anne Mette Prestegård taskekrabbe)
Plastgragment GF 00006 frå serien Mayday Mayday (Anne Mette Prestegård plastfragment GF 00006)
Anne Mette Prestegård f. 26.10.1972, utdanna interiørarkitekt og møbeldesignar. Dagleg leiar, interiør og utstillingsarkitekt for Prestegård Design. Starta hausten 2024 kunstprosjektet Galleri Fisk, prosjektet har som mål å drive med strandrydding og bruke det ein finn som inspirasjon til kunst og designprosjekt.
Eit naust ved Fanebustsjøen i Alver kommune er base for prosjektet, der blir funn frå strandryddinga sortert og registrert. Det som skal arbeidast vidare med blir vaska, fotografert og arkivert, resten blir levert til gjennvinning. Galleri Fisk skal sette fokus på forsøpling og særleg på utfordringa med plastforureining i hav og vatn.
Installasjonen Mayday Mayday vann juryens pris på haustutstillinga til Nordhordland kunstlag. Kunstverket viser oss «harde fakta» om miljøet. Det viser ein urovekkande situasjon i våre nærområde, i fjordane våre og havet, og som absolutt er ei global utfordring. Installasjonen viser eit tragisk augneblikksbilde av staden vi fiska i går og fisken vi skal eta i dag, sa Eileen Feste då ho overrekte juryprisen til Anne Mette Prestegård. Avisa Nordhordland 9. november 2024.